Kvifor deler vi ut fleire kurver enn dunker?
I takt med at fleire avfallstypar har blitt innført dei seinare åra, har fleire kjent på manglande plass til det nødvendige renovasjonsutstyret. Meir og betre sortering av avfall går på bekostning av plass for den enkelte husstand.
Stadig fleire ser at dei er betre tent med å samarbeide om renovasjonsutstyret enn å fylle uteområda med avfallsdunkar. Hvis du og naboen set fram avfallsdunkane på same stad, kan det bli mykje med 4 dunkar kvar.