Vi er nesten ferdig
Denne veka: Sentrum
Sjå status

Kvifor sorterer vi matavfallet?

Gjennom riktig sortering og behandling blir matavfallet brukt til å produsere miljøvenleg biogass.  Samstundes blir det produsert næringsrik gjødsel som kan nyttast i landbruket for å forbetre jordkvaliteten.

Ei avgjerande handling for miljøet

Mykje av avfallet vårt er ressursar vi kan bruke om att. I 2035 skal vi materialgjenvinne eller gjere klart for ombruk heile 65% av hushaldsavfallet vårt. Det same gjeld liknande avfall frå næringslivet.

Biologisk behandling av matavfall bidreg til reduserte klimagassutslepp og verdiskaping ved gjenvinning av næringsstoff, organisk materiale og energi.

Til dømes kan bioavfall bli gjort om til biogass, som igjen kan bli brukt som drivstoff.

Det er anslått at innføringa av dei nye krava inneberer at andelen bioavfall (som matavfall og hageavfall) som materialgjenvinnast auker frå 47% i dag til 71% i 2035. (regjeringen.no)

Når matavfall blir behandla på riktig måte, kan det gjenvinnast til nyttig ressurs. For eksempel kan det brukast til å produsere biogass, som kan erstatte fossile brensel i transportsektoren. Biogjødsel, som er ein annan viktig ressurs som kan utvinnast frå matavfall, kan brukes til å forbetre jordkvaliteten og redusere behovet for kunstgjødsel i landbruket.
Reduksjon av klimagassutslipp
Økt fokus på matsvinn
Utvinning av verdifulle ressursar
Selvforsyning av gjødsel til landbruket
Kort forklart

Biogass: Utvinning av verdifulle ressurser fra matavfallet

Visste du at biogass dannast når organisk materiale, som gjødsel, matavfall, planterestar, avløpsvatn og anna, brytast ned av mikroorganismar i eit oksygenfritt miljø? Biogass består hovudsakleg av metan. Ved forbrenning dannast CO2 og vatn.

Biogass kan nyttast til å produsere straum, varme og drivstoff.
Gassutbyttet er ofte betre når ein kombinerer ulike råstoff som for eksempel matavfall og slam.

739
GWh produsert i 2022
59000
tonn Matavfall 2022
Kort forklart

Biogjødsel: Utvinning av verdifulle ressurser fra matavfallet

Visste du at biogass dannast når organisk materiale, som gjødsel, matavfall, planterestar, avløpsvatn og anna, brytast ned av mikroorganismar i eit oksygenfritt miljø? Biogass består hovudsakleg av metan. Ved forbrenning dannast CO2 og vatn.

Biogass kan nyttast til å produsere straum, varme og drivstoff.
Gassutbyttet er ofte betre når ein kombinerer ulike råstoff som for eksempel matavfall og slam.

700tusen
tonn  biogjødsel 2022