Vi er nesten ferdig
Denne veka: Sentrum
Sjå status

Slik blir det for deg som har avfallsdunk

Etter utrullinga vil du ha 4 dunkar + sekk for plastemballasje.
Header image
Klar, ferdig, sorter! Dette må du vite..

Når er første hentedato?

Usikker på når du skal sette fram dunken første gong?
Finn datoen for første henting no! Det er berre å sjekke MinRenovasjon-appen, eller klikk på lenka under og søk opp di adresse.

Mindre restavfall = Lågare gebyr

Det er storleiken på restavfallsdunken som avgjer renovasjonsgebyret du betalar. Gjer du ein god jobb med sorteringa skal standard dunkstorleik vere tilstrekkeleg for dei aller fleste.

Blir det for mykje med 4 dunkar?

Vi har forståing for at ein ekstra dunk kan by på plassutfordringar. Difor oppmodar vi til å ta ein prat med naboen om å samarbeide om renovasjon. Det betyr deling av utstyr og lågare renovasjonsgebyr.

OBS! Endra henting av restavfallet

Aller først, det at du får utlevert matavfallsdunk gjer noko med hentefrekvensen på restavfallet ditt. Har du vekentleg henting av restavfall i dag, vil du få henting av restavfall og matavfall annankvar veke, på kvar si veke.
Oppsummert: Annankvar veke i staden for vekentleg
Alt klart for første henting

Dette skal du ha fått utlevert. Husk å sjekk opp i dunken din

Vi kjører ut utstyr til alle i gamle Ålesund kommune, uke for uke. Dette er det vi kommer med. Sjølvom du kanskje er veldig ivrig til å ta i bruk utstyret, vent til 1. desember ellers vil det lukte....

1x

Avfallsdunk

Denne dunken vil bli levert på adressa di. Oppi dunken ligg resten av utstyret.

1x

Matkorg

Om du ønskjer å ta i bruk eigen behaldar for matavfall, kan du ta kontakt med oss for å avtale innlevering av matkorga.

1x

Grøne poser

Går du tom, kan du ta ein matavfallspose å knyte på den dunken som blir tømt neste gong, så legg renovatør igjen ny rull til deg.

Ikkje fått utstyret enda?

Om du ikkje har motatt utstyr for matavfall, ta kontakt med oss under.
Endringer

Dette endrar seg i henteruta

Standard abonnement:
Tømmefrekvens for restavfall: annankvar veke
Tømmefrekvens for matavfall: annankvar veke

Redusert abonnement / kompost:
Tømmefrekvens for restavfall: blir endra frå annankvar veke til månadleg henting

Integration iconIntegration iconIntegration iconIntegration iconIntegration iconIntegration iconIntegration iconIntegration icon

Når henter vi den nye dunken? 

Med appen Min renovasjon kan du få hentekalender, varslingsteneste, sorteringsinfo og anna informasjon knytt til eigendommen din rett på telefonen. Allereie no kan du sjå når matavfallet hentast.
Se når avfallet blir hentet
Hentevarsel på egetbestemt tidspunkt
Se åpningstider
Legge til flere adresser

Slik sorterer du matavfallet

På 4 enkle steg sorterer du matavfallet

1

Sorter matavfall i grøn pose frå Årim

2

Knyt posen med dobbel knute

3

Legg posen i dunken med grønt lokk

4

Sett fram dunk på hentedagen

Nesten alt som kan spises skal i matavfallet

Matavfall er avfall som er organisk nedbrytbart. Dette kan vere skrell, skrottar, grut, eggeskal, bein, nøtteskal og rekeskal.

Ja takk

  • Fruktrestar
  • Skrell
  • Bein frå kjøt og fisk
  • Eggeskal og nøtteskal
  • Matolje
  • Tørkepapir med matrestar
  • Matrestar du ikkje kan spise
  • Kaffefilter og kaffegrut

Nei takk

  • Emballasje rundt maten
  • Andre typar avfall enn mat
  • Mat du kan spise (Ikkje kast brukbar mat)
  • Bleier
  • Avføring
  • Snus
  • Hageavfall, planter og blomster
Ikkje kast brukbar mat
Det fins mange gode tips og oppskrifter slik ein unngår matsvinn.

Sjekk ut Bruk-opp-leksikonet til Matvett.

Er du i tvil kan du alltids sjekke sortere.no

På sortere.no kan du søke på alt fra epler til vinduer, der får du oppdatert informasjon om kor du kan kaste det. Om det er på miljøstasjon eller i ein av dunkene.
Matavfall til ein ressurss

Kva blir det til?

Matavfall blir køyrt til biogassanlegg i Norge. Der blir avfallet brukt som råstoff til produksjon av biogass og biogjødsel.

Biogass - eit klimakinderegg

Biogass blir ofte kalt for eit klimakinderegg. Det er fordi biogassproduksjonen løser både eit avfallsproblem, gir energi og eit jordforbetringsprodukt. Den er rekna som klimanøytral.

Biogass kan bli brukt som drivstoff i bilar, større kjøretøy og i skip. Biogassen kan og brukast til til oppvarming, straum og til industrielle formål.

Biogjødsel

Biorest er eit restprodukt frå biogassproduksjonen. Brukt som biogjødsel blir det skapt eit kretsløp der verdifulle næringsstoff som nitrogen, fosfor og andre næringsstoff kan bli brukt på nytt.

Biorest basert på kildesortert matavfall er godkjent som konvensjonell gjødsel i økologisk landbruk.
Det du treng å vite

Vanlege spørsmål

Kan eg få ein mindre dunk?

Nei, men du kan dele dunker med naboen gjennom samarbeidsrenovasjon løsningene vi har.

Du kan lese meir om det her

Eg har ikkje plass til dunken, kva kan eg gjøre?

Dersom du har lite avfall, kan du inngå ein samarbeidsavtale for renovasjon. Då vil du dele renovasjonsbehalderane med naboen din og samtidig få redusert renovasjonsavgifta.

Viss du representerer eit sameige eller borettslag, kan du ta kontakt med oss for å avtale ei befaring. Saman finn vi gode løysingar.